Wikipedia

Øyonn Groven Myhren (fødd 8. august 1969) er ein norsk musikar. Groven Myhren vert rekna mellom dei fremste folkemusikarane i Noreg, og har fleire fyrstepremier frå Landskappleiken. I 1997 vart ho tildelt Sagaprisen for sin kveding. Ho trakterer òg lyre og seljefløyte. I tillegg til den norske folkemusikken, har ho arbeidd mykje med mellomaldermusikk, mellom anna gjennom musikkgruppa Aurora Borealis. I 2003 gav ho ut CD-en «Nivelkinn» i samarbeid med Odd Nordstoga, og med tekstar av Aslaug Vaa. Dei mottok Spelemannprisen for denne. Groven Myhren har òg arbeidd som skodespelar ved Det Norske Teatret, Riksteatret og Hordaland Teater.

Øyonn Groven Myhren er dotter av kvedaren og litteraturforskaren Dagne Groven Myhren og spelemannen og språkvitaren Magne Myhren. Ho er barnebarn av Eivind Groven.

Continue reading at Wikipedia... Wikipedia content provided under the terms of the Creative Commons BY-SA license
Filter

Discography

Album

Year Title Artist Rating Releases
2008 Gullveven Øyonn Groven Myhren 1

Album + Live

Year Title Artist Rating Releases
2002 Nivelkinn Live Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga 1

Showing official release groups by this artist. Show all release groups instead, or show various artists release groups.